NB! Dette anhenget har redusert pris grunna synleg sprekk i steinen.
Handlaga smykke i gjenbrukt 830s frå sølvbestikk med ekte norsk amazonitt.
Vi er alle tent med å gjere mest mogleg ut av det vi har. Her har vi spart opp restar og smådelar av utslete eller ukurant sølvbestikk, og laga noko heilt nytt. Alle smykka er laga med ulikt utgongspunkt, og dermed er ingen heilt like - eller heilt perfekte.
Anhenget er om lag 16mm x 23mm.
Leverast på 45cm kjede.